Den gode marknadsføringa

Av: Tor Stian Ramsøy, 28. januar 2020.

Trenger du verkeleg fleire likes?

Leiarar i bedrifter som tenker kortsiktig, tek snarvegar og vel billig, rask og ufortent merksemd. Valet fell då på byrået som delar ei slik kortsiktig tenkning, dei er det mange av. I lag hoppar dei på fyrste og beste kreative idé og seier seg nøgd med kampanjen som gjer raske 1000 nye «likes».
 Då er budrunden om kundane i gong. Ikkje lenge etter kastar konkurrenten seg rundt med sin kampanje, til eit endå høgare budsjett og ein endå lågare standard for å «hijake» merksemda. Der og då! Slike kortsiktige marknadsstunt etterlatar ikkje noko varig inntrykk og byggjer verken bedrifta si merkevare eller varige vediar.

Det finnast eit betre alternativ. Leiarar i bedrifter som heller vel å levere personleg og relevante bodskap til mennesker som vil ha det. Leiarar som har sjølvtilliten og veit at dei har utmerka produkt og tenester. Merksemda, på tvers av marknadskanalar, brukar dei godt til å fortelje om verdien produkta og tenestene har for kundane. Dei er heller ikkje redd for å gjenta seg sjølv, for den einaste som har høyrt den samme historia alle gongane er nettopp kun dei sjølve.

Dersom du meiner det verksemda di leverer er verdifullt og du har mennesker som vil høyre frå deg, bør marknadsføringa óg reflektere det. Dette er den truverdige, gode marknadsføringa som gir verdiar over tid.

Del blogginnlegget

Abonner på fagbloggen

Gratis faglig og relevant kunnskap om design, markedsføring og kommunikasjon ca. en gang i måneden.

This contact form is deactivated because you refused to accept Google reCaptcha service which is necessary to validate any messages sent by the form.

Tor Stian Ramsøy

Tor Stian har hatt ei rekke roller i kreative design-teams over de siste 20 åra. I dag er han rådgjevar og støttespelar for bedrifter si overordna kommunikasjon.

Våre medarbeidere skriver fagartikler, holder seminar og forelesninger.

Hvorfor? Vi er brennende opptatt av design og kommunikasjon. Samtidig er våre kunder sikret høy og oppdatert fagkompetanse.