Utfordringa
Ikkje alle dusjar nakne før dei skal bade, noko som er i forutsetting for god hygiene, reint basseng og #ReinGlede. For å lukkast med det som for nokon er ein haldningsendring og for andre er ei endring i vane, gjennomførast kampanjen over tid i ei rekke kanalar. I tillegg er garderobe og dusj dekorert med det glade bodskap.
#ReinGlede
Ved å involvere born og unge i “workshops”, sovel som vaksne og eldre i sosiale media #DusjNaken og ellers god dialog ynskjer Vossabadet å lukkast med å få alle med seg på det som er eit felles gode. Reint basseng og #ReinGlede
Gjennomføringa i Vossabadet
Vossabadet skal fyrst og fremst vere ein triveleg stad å komme. Kampanjen appellerer til hjartet ved bruk av humor i illustrasjonar og tekstrim. Verkemiddel som gjer at me kan vere tydeleg utan å måtte lyfte peikefingen. Og ved å bruke rasjonell argumentasjon og fakta appellerar me til hovudet.