vossabadet utside av bygg med nytt skilt 3 1

Designbriefen

Vossabadet er resultatet av eit folkeinitiativ og eit av dei største kommunale byggeprosjekta. Det har no lukkast med å bli ein merkevare som står på eigne bein og reflekter eit bad som er ope for alle. Merkevareprofilen har som medarbeidarane alltid eit «Vossaglimt» i auge.
Voss har ein etablert merkevareprofil, denne ser ein spesielt godt i logoen.

Logoen til Vossabadet er utviklet av Reklamebyrå - Designbyrå på Voss

Designkonseptet

Hovudfargane er blå og grå. Grå gjer rom for fargerike bilete, og den reine, klåre blåfargen er naturleg å bruke i samanheng med basseng og vatn. Støttefargane er satt i samme fargetone og vert nytta ved behov. Tittelfonten Merriweather er tydeleg, stødig, men også mild og uformell. Den er spesielt behageleg å lese på skjermar, kor det meste av informasjonen frå bedriften føregår.

Designbyrå på Voss har utviklet merkevareprofil med fargekart etter Vossaprofilen

Stupetårnet som ikon

Stupetårnet er arkitektteikna og framstår som eit kvitt smykke i svømmehallen. Ordførar og rådmann initierte at stupetårnet, med V-formen, var naturleg å fronte i profileringa av badet. Stiliseringa av V-formen vart noko skarp og kantete og den harde formen var i kontrast med stemninga til badet som skal framstå som uformell og venleg. Ved å nytte grafikk, bilete og farge lukkast me med å mjuke opp elementet.

Konsept på V ikon for - Designet av Snittreklame Byrå
Ikondesign for til grafisk profil designet av Reklamebyrå på vestlandet

Marknadsmatriellet

Reine flater, klåre friske fargar, aktivitet og ikkje minst – Rein glede. Vossabadet er flunkande nytt og prankande flott. Profileringa skal underbygge dette. Som me seier på nynorsk, “the devil is in the details”. Som eit eksempel er visittkorta er laga med eksklusiv Quadplex teknologi som komprimerer fire lag med Mohawk papir. Korta har trykk på begge sider og blå fargesaum i midten.

Visittkort plassert i et rutenett på blå profilert bakgrunn
Visittkort som følger merkevarens grafiske profil
Proff rollup med logo for firma og kommune voss designet av reklamebyrå
Nettsidedesign og hjemmesidedesign for nettsiden til Voss av designbyrå på Voss

Skilt og informasjon

Skilta fylgjer merkevareprofilen og er i ei lett og morsom språkdrakt, gjerne tørr humor. (Tok du den?)  Me unngår også negative ord som FORBODE og IKKJE. Skilta er designa slik at sjølv små barn kan forstå. I skiltkonseptet følger og ein karakter-illustrasjon som er både enkel, tydleg og til tider morosam. Se også DusjNaken kampanjen vi gjennomførte for Vossabadet.

Kontakt

Å bygge en merkevare og markedsføre den er komplekst, men det trenger ikke være så komplisert. Snitt er her for å hjelpe deg som bedriftsleder eller markedssjef.

 

Fyll ut skjema under.
Vi kontakter deg innen 1-2 arbeidsdager.

Snitt Reklame referanser